Næringsutviklar for Vang

Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Fjellkommunen Vang

Vang er ei fjellkommune på grensa mellom aust og vest, og for mange av leigetakarane våre er det glade livet på fjellet minst halvparten av grunnen til at dei vil satse i Vang.

Vete meir om Vang?

Gründerbygda Vang

Det finst eldgamle spor etter busetnad i fjellheimen vår. Langs dei store fjellvatna kom det folk vestfrå og busette seg lenge før vikingtida. Her var det fisk og vilt å hente, og meir enn nok å leva av. Og etter kvart vart det ganske mykje folk i Vang, faktisk tett oppunder 3 000. Mot slutten av 1 800-talet var det opptil fleire som konkluderte med at dette var i overkant mange, og ein del av dei pakka kofferte og for i veg til Amerika.

Men samstundes hadde andre oppdaga kva Vang hadde å by på - nemleg enorme rekreasjonsområder, i det som i dag blir kalla Jotunheimen. Med karar som Vinje og Heftye i front vart Den Norske Turistforening skipa i 1868, og den fyrste hytta deira var Tvindehaugen ved Tyin i Vang (som seinare vart flytta, og fekk namnet «Nybod» - i dag Torfinnsbu).

Dette var det fyrste steget på ein ny revolusjon i Vang.

Reiselivsbygda

Etter kvart som trafikken mellom aust og vest tok seg opp, og både tog og rutebilar kom i trafikk, så vart vegen til fjells langt kortare for mange folk. Og til fjells ville dei - noko gründerane i Vang visste å legge til rette for. I tida frå 1870 og fram til ca 1960 så spratt det opp fjellstover og fjellhotell på alle knausar i kommunen, og mange av dei hadde stinn brakke mesteparten av året. Og det var ikkje grenser for kva som trakk turistar til Vang. Bjørnane Pekka & Lisa på Nystova, og flygeturar med lunsjservering på Uranosbreen, var kanskje blant dei mest ekstreme høgdepunkta.

Men plutseleg ein dag var det nokon som drog i bremsen. Eller rettare sagt – me hang ikkje med i svingen, når destinasjonane kring oss bygde opp sine alpine landsbyar. Tyin, som i mange år var den leiande vinterdestinasjonen i Noreg, vart av mange gløymt.

Sett i ettertid skal vi kanskje vera glade for at fjellheimen vår ikkje vart nedbygd av heistrasear og tilrettelagte turistmaskiner. Det gjev oss moglegheiter i dag - til å satse på det ekte og genuine, som vi kan tilby i bøtter og spann.

På byrjinga av 2000-talet var det duka for ein ny æra av gründerar: Hytteutbyggjarane. Og plutseleg kom Tyin og Filefjell seg attende på kartet.

Og så kom Vinjerock...

I 2006 var det nokre av bygdas unge og håpefulle som fekk ein idé om å legge ein rockefestival til Eidsbugarden, langt inne i fjellheimen i Vang. Med tid og stunder så vart denne ville ideen til ein av landets mest suksessrike festivalar, og dette gav mange av framtidas fjellgünderar eit lysande håp om at det gjekk an å skape gull av gråstein – til trass for alle dystre spådommar. Det eine drog med seg det andre, og resten er historie. Framtida kan ingen spå, men kva anna kan me gjera enn å køyra på...?

Vil du vera med på dansen?

Fjellheimen har god plass til fleire gründerar som ser moglegheiter, og vågar å satse på å skape noko unikt. Har du ein idé som du kunne tenkje deg å realisere i miljøet vårt? Ingenting ville glede oss meir enn det, og vi høyrer gjerne frå deg!