Fleksible lokaler - og uteplasser

Kontorlandskapet vårt har fleire små og store møterom, som du kan nytte til arbeidsmøter, telefonrom eller stille arbeidsrom når du måtte ha behov for det. Og rett utanfor døra har vi bygdas flottaste badstove!

God kaffi

Livet er for kort til å drikke dårleg kaffi. På 1724 dumpar fersk kaffi frå Tim Wendelboe ned i postkassa med jamne mellomrom. Vel bekomme!

Samarbeidspartnarar

Kontorfellesskapet 1724 får god drahjelp av:

Om Kontorfellesskapet 1724

Eit kontorfellesskap for denne typen verksemder hadde lenge vore ein idé i hovuda til nokre av bygdas unge gründerar. I kjølvatnet av suksessen til Vinjerock var det fleire som såg potensialet for å satse på «utypiske» bygdenæringar i Vang, og felles for dei alle var eit ynskje om samarbeid og synergiar. Sjansen for å lukkast var vesentleg mindre dersom alle skulle sitje heime ved kvart sitt kjøkenbord og leike butikk.

Etter kvart samla nokre av desse unge bedriftene seg på Klokkarhaugen i Vang sentrum, og brukte møtebordet der som eit provisorisk kontorlandskap nokre veker. Det gjekk ikkje lange tida før dette vart altfor trongt, og ein måtte sjå seg kring etter andre alternativ.

Vangstunet

Vangstunet peika seg fort ut som eit interessant alternativ. I toppetasjen på det som tidlegare var gamleheimen i bygda, hadde det dei siste 10 åra vore ulike telefonibaserte verksemder, men på tampen av 2012 vart den siste av dei flytta - og dermed stod det mange kvadratmeter med panoramautsikt over Vangsmjøsa ledig.

Gründergjengen tok kontakt med kommunen, som eigde lokalet, og fekk i stand ei leigekontrakt for det nye kontorfellesskapet. 1. februar 2013 byrja takstameteret å gå, og oppussinga starta samstundes - finansiert av eit velvillig banklån frå Vang Sparebank. To ivrige og kreative sjeler, designer Elin Høyme, og filmrekvisitør Anders Granlund, tok fatt på oppdraget: Å lage landets kulaste kontormiljø.

Og resten er historie...

Den 4. mai 2013 flytta dei fyrste leigetakarane inn i kontorfellesskapet, og gjetorda byrja å gå om dette spesielle kontorlandskapet oppe i Vang. Framleis kjem det folk innom berre fordi dei har høyrt rare historier om toalettet vårt. Utan å røpe for mykje: Det bør opplevast, så stikk innom du også.