Nyskapande miljø

Kontorfellesskapet 1724 har eit kreativt og inkluderande miljø.

Fleksible moglegheiter

Vi tilbyr skreddersydde kontorpakker til enkeltpersonar og bedrifter.

God kaffi!

Kaffitraktaren vår får kun ferskbrente kaffibønner frå landets beste kaffibrenneri.

Bedriftene på 1724

Vinjerock AS

Vinjerock er rockefestivalen på Noregs tak, som sidan 2006 har utvikla seg til å bli landets mest ettertrakta musikkfestival. Billettane vert som regel borte på 10-15 sekund!

Innovangsjon SA

Innovangsjon SA er eit bygdeutviklingsføretak med to tilsette, som jobbar med næringsutvikling, tilflytting, integrering, trivselstiltak og marknadsføring av det Vang har å by på.

Frisk forlag AS

Raske resultat. Enkelt og illustrert. Forskningsbasert. Dette ligg til grunn for alle bøker Frisk forlag gjev ut. Forlagsgründer Lennart Krohn–Hansen utgjer 1724-avdelinga til selskapet, saman med Hallgrim Rogn. 

Lukkeleik

Fotografi, tekstproduksjon og kulturell prosjektleiing er kva  Anne Marte Før tilbyr til både lokale og nasjonale aktørar gjennom foretaket Lukkeleik.

Mountains of Norway

Mountains of Norway jobbar med utvikling og internasjonalt sal av norske fjellopplevingar - eit framtidsretta samarbeid mellom destinasjonsselskapa i fjellregionen.

Omhu - WeissTech AS

Omhu er eit digitalt fag- og journalsystem spesielt utvikla for miljøterapeutiske tjenester. Løysinga blir utvikla av WeissTech AS – med hovudkontor på 1724 i Vang.

Sense

Sense Psykologi & Konsulenttjenester AS vart stifta i 2015, og er eit selskap beståande av psykologar, organisasjonsrådgiverar og konsulentar. Selskapet har avdelingskontor på Kontorfellesskapet 1724.

Prosjektil

Vegen er målet for oss som jobbar i Prosjektil. Slik må det vera for eit leiande rådgivande ingeniørselskap, der gode planar fungerer som målgivande pasningar til deg som oppdragsgivar.  

Lyse

Lyse er eit norsk industrikonsern med verksemd innan energi, telekommunikasjon og infrastruktur. Konsernet er heilegd av 14 kommunar og vår verdiskaping går tilbake til fellesskapet.

Klimakultur

Korleis kan norsk kulturliv minske sine klimautslipp og jobbe i samsvar med FN sine bærekraftsmål? Klimakultur jobbar i skjæringspunktet mellom klima og kultur.

Klukkargrende

Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som i løpet av dei neste åra skal byggjast ut med 8 nøkkelferdige, arkitektteikna bustader.